Gunnar Garfors

Bortom Allfarveg

De beste tipsene til sommerens norgesferie!

Webinaret den 29. juni er gratis og varer i ca. 30 minutter. Det gir et lite innblikk Gunnar Garfors sin bestselgende bok "Bortom Allfarveg"!  For å delta MÅ du melde deg på via billettlinken.

Gunnar Garfors er kjent for å ha besøkt alle land i verda. No har globetrottaren pakka sekken for å oppdage eige land og spora opp dei mest unike og undervurderte stadene i Norge. Stader som ikkje nødvendigvis ligg så veldig langt utanfor allfarveg, men der mange av oss suser rett forbi på veg til meir populære reisemål. Interessa for å reise i eige land har ekspodert det siste året, men mange av oss reiser først og fremst til dei mest kjende attraksjonane. Men treng vi det eigentleg?

 

I hans nye bok viser Garfors fram orginale reisetips i heile landet. Dette er ikkje ein tradisjonell reiseguide, men ei bok til inspirasjon for dei som er leie av å reise i kø og oppleve akkurat det same som naboen. Garfors vil opne auga våre for vårt eige vesle land: Større enn til dømes Tyskland, Japan og Filippinane; med 104 byar, 356 kommunar, nesten 1 800 fjordar, over 13 000 fjelltoppar i tillegg til 320 000 øyar og skjær. For ikkje å snakke om verdas tredje lengste kystline.